Arealregnskap

Rogaland fylkeskommune presenterer no eit heilskapleg arealrekneskap for alle kommunar i Rogaland. Målet er å vise korleis vi brukar areala i kommunane våre.

Arealrekneskapet knyter informasjon frå fleire ulike datakjelder saman for å gi ei samla oversikt for fylket om arealtypar, areal som er utbygd og tatt i bruk, og viktigast av alt, planlagt arealbruk i tida som kjem. 

Arealrekneskapet for 2023 viser at det ligg 114 000 dekar godkjent for utbygging i kommunale planar i fylket. Målt i fotballbaner er talet 16 200. Arealet fordeler seg mellom anna på 48 200 dekar skog, 5000 dekar myr og 22 900 dekar dyrka mark. 

Målet med eit fylkeskommunalt arealrekneskap er å enkelt få fram kva type areal kommunane gjennom godkjende planar opnar for å omdisponere, og i kva omfang. Målet er også å gi ei generell oversikt over kva arealtypar vi har lite eller mykje av, og korleis vi har utnytta areala fram til i dag. 

Planlagt nedbygging, også omtalt som antatt planreserve, består i hovudsak av jomfruelege delar av planlagde byggeområde som er vurdert å ha utbyggingspotensiale. Dette er informasjon som per i dag finst kvar for seg, men som arealrekneskapet synleggjer samla.

Meir informasjon finner du her  Areal- og naturrekneskap - Rogaland fylkeskommune